Blog Image

GT Blogg

Bruk av bloggen

Det er bare å klikke på kommentarer og skrive inn dine meninger.
Vil du legge inn egne bilder eller innlegg så send en mail på info@gvarvturlag.net og du vil få tilsendt passord til bloggen.

Nysefjell 5. juni 2019

Turer Posted on 12 Jun, 2019 10:39:35

Fra kveldstur til Nysefjell, Onsdag 5. juni.

12 turfolk, med 3 fra Bø, ei fra Heddal og ein 6-åring, blei med fra parkering før Bråkånsrud. Været var tåkut, men turleiar pekte og forklarte om det ein kunne ha sett fra der vi var. Vi stoppa litt ved Nysebu, før det bar til toppen av Nysefjell. Der fant vi både postkasse og poeng. Niste blei inntatt, før vi gjekk vidare ned til Bekartjønn og Steinmyrane tilbake til utgangspunktet. Triveleg tur!



Kraftlaghytta

Informasjon Posted on 22 May, 2019 22:21:41

Nå har to dyktige kvinnfolk gjort reint på hytta ved Dyrud Damtjønn. Det er Åse Tresland og
Ingebjørg Darrud

Mondag 20 mai satte dei i gang. Det vart tørka støv, lufta puter og ryer. Sengetøy tatt av og tatt med heim og vaska. Noko måtte kasserast og blei kjøpt inn nytt.
Det vart vaska alle plassar det vart muleg.
Onsdag kjørte dei opp igjen og la på reint/nytt på sengene.
Ein stor takk til Ingebjørg og Åse

Alle velkommen til å bruke hytta!
Hugs å forlat hytta ryddig og rein. Far varsamt fram med inventaret

Helsing styret i GT
.



Narefjell 19.mai

Turer Posted on 21 May, 2019 08:03:32

Fra turen fra Narefjell, via Gullbu og Lysthusnatten. 24 turfolk og to firbeinte starta turen ved Sommerflåtin. 2 måtte dessverre snu etter ei stund. Det vart lange og bratte bakker opp te Gullbu, der vi tok ei pause. Så bar det over Lysthunatten- og ned til Sulutjønn, der kjentkvinne hadde ei lita historie på lur. Videre gjekk vi opp på Narefjell for å skrive i boka. Heile 8 bøheringar vart med på denne turen. Moro å kunne vise fram meir av bygda.
Flott dag med fine folk i perfekt turvær!



Kveldstur til Bratningsborg og Svinetjønn 15.mai

Turer Posted on 18 May, 2019 10:31:40

Kveldsturen til Bratningsborg og Svinetjønn.
Vi parkerte ved Sauherad kirke, og gjekk oppover Prestegardsvegen mot Rolighetsmoen.
31 turfolk og 2 firbeinte blei med på denne flotte turen. 5 pers kom heilt fra Bø.
Kjentmann Steinar Fugelli losa kånn trygt gjennom løypa, fortal om området rundt, historier og sagn. Det blei ein kafferast på toppen av Bratningsborg, før me gjekk ein ana veg ned, til Svinetjønn. Deretter bar det ned ein traktorveg tilbake til Rolighetsmoen og bilane ved kyrkja.



Kveldstur til Lundås 1. mai 2019

Turer Posted on 01 May, 2019 22:12:32

Denne kvelden er det Geir som er kjentmann. Me parkerar like opp for Lunde prestegard. Me er totalt 13 stk av dei ei frå Bø og ei frå Notodden. Det er bratt sti opp knapt 100 høgdemeter, så kjem me opp på eit flatt platå med utsikt over bygda.Her er det bygd ein fantastisk fin gapahuk.
Kaffipausa nyter me ute. Masse god prat med turglade folk


Nedturen er litt krevande. Heldigvis er berga tørre og alle kjem velberga ned til bilane

Takk til Geir for triveleg og fin tur!



Sondagstur til Kringletjønn og Sulukoll 28.april

Turer Posted on 28 Apr, 2019 21:31:14

Dagsturen gjekk fra parkering i toppen av Juvevegen i Hetterud, opp merka traktorveg og sti til Kringletjønn. Så vidare til Sulukolltjønn der me tok matpause.
Gjekk så til Sulukollen, der me fekk skrivi i bøkane. Så gjekk me vidare nedover mot Ringane, men tok av på ein umerka sti og gamal traktorveg som førte kånn rett over til Hetterud og bilane igjen.
Me blei 20 stk med på turen, deriblant to ungar og 4 stk fra Bø.
Fin tur med fine folk, i perfekt tur-vær.
Takk for turen!



Kveldstur 24.04.2019

Turer Posted on 26 Apr, 2019 07:41:09

Dette var fyrste turen i vår. Me starta å gå på Leikvangmogane, gjekk så ned til elva frå Helgehøl, følgde Hørteelva til Bergingbru og vidare på vestsida til Hørte. Dette var eit nytt område for mange sjøl om dei budde i denne delen av kommunen.

Det var fint å gå på gamle vegar og fasinerande å vandre tett inntil elva opp til Bergingsbru. Her var det Aslaug og Hans Torstveit visa veg vidare. Dei fortalte om vasskrafta som dreiv håmmarverka, sagbruk og møller. Dette gav arbeid til folk og meir levelege kår.
Me fekk sjå tufter etter Storskot på ei slette bratt opp frå elva. Det var nok lita “vegkro” der vegfarande fekk seg ly over hovudet, kjøpe heimebrendt, øl og spela poker.
Så kom storflaumen i 1808 og ødela nesten alt. Det vart svelt i hel for folk og mange drog til Amerika.
Kaffepausa tok me på paviljongen ved Fargeriet

Snart var det på tide å ta beinaste vegen ned til bilane .

Det var 28 med på turen. Kun 2 frå Bø (som var utflytta hørtingar).

Takk til Aslaug, Hans og Kåre som var kjentfolk.



Årsmøte 2019

Innlegg. Posted on 13 Mar, 2019 11:43:22

Årsmøtet i Gvarv Turlag, tirsdag 12.mars 2019
Vi var 35 medlemmer til stades. Sakslista blei gjennomgått, og det kom mange gode innspill fra medlemmene under møtet. Det blei utdeling av Friskus-pin, kake blei spist, og flotte tur-bilder blei fremvist av Sveinung. Takk for ein trivelig kveld!
Det betyr veldig mykje at så mange medlemmer engasjerer seg i arbeidet me gjær i Gvarv Turlag.



« PreviousNext »