Blog Image

GT Blogg

Bruk av bloggen

Det er bare å klikke på kommentarer og skrive inn dine meninger.
Vil du legge inn egne bilder eller innlegg så send en mail på info@gvarvturlag.net og du vil få tilsendt passord til bloggen.

Ringstul- reperasjon av dodynna

Innlegg. Posted on 18 Jul, 2019 18:48:47

Utedoen på Ringstul har synke på eine sida som gjer at dodynna ikkje kunne letast att. Kåre prøva fyrst å rette opp doen men det gjekk ikkje med det utstyret han hadde med. Derfor tok han av dynna og saga ho av nede.( med ei lita greinsag).

Der kom dynna på plass og ho kan stengast både frå innsida og utsida. Nå er det valgfritt om ein vil sitte på do og nyte skogen eller konsentrere seg om “jobben” som skal gjerast.



Dugnad Ringstul

Innlegg. Posted on 13 Jul, 2019 20:18:48

Herdis Toreid og Karin Landsverk har gjort dugnad på Ringstul i vår. I år var det ikkje så mykje å gjera, folk har rydda etter seg.

Dei påpekar at utedoen må rettast opp slik at dodøra kan letast att. Det er ikkje alle som synes det er koseleg å sitte og sjå ut i skogen.
Dessutan kan døra bli skada i kraftige vindkast.

Styret får ta ei vurdering.

Takk for nok ein gong for godt utførd jobb.

Ingebjørg



Dugnad 02.juli 2019

Innlegg. Posted on 03 Jul, 2019 09:23:41

Her har dagens ryddegjeng matpause. Rydda ferdig stien fra Tveiten til Grønli. Dei hadde hatt det koseleg og fått gjort masse. Det var høg ,tett buskas mot Grønli.
Tusen takk til flinke folk som passer på at stiene er framkommelige.



St.Hans feiring ved Dyrud Damtjønn 2019

Innlegg. Posted on 25 Jun, 2019 12:50:17

Det er alltid spanande kor mange kjem på feiringa. Da me kom opp, satt Nils Olav aleine og fyra under bålrista. Etter kvart kom det fleire bilar og folk benka seg rundt bålet. Vermeldinga var bra. Bortsett frå eit regnsel i starten, var det lettskya, over 20 plussgrader og vindstille. Folk prate og kosa seg med grillmat og bålkaffe. Kari K. visa fram dagens fiskefangst. Småfisken tredde ho inn på pinnar og grilla utan og renske dei. Det gjorde ho når ho åt dei. Visstnok nydeleg! Snart var den faste kåsøren Asbjørn, i gang med opplæring i diktskrivig og opplesing av eige dikt frå 25 årsjubeleet. Etterpå fann Sigmund fram fela og spela fleire slåttar for kånn. Takk til begge to!! Mygg/knott heldt seg borte til nærmare kl 21. Da valgte nokre å dra heim og resten kraup nærare bålrøyken der blodsugerane var mindre plagsomme. Me drog fram mange morosame episoder frå dagleglivet i området. Dei fleste hadde litt å fortelja og latteren sat laust. Totalt var det 28 stk innom lengre eller kortare beite. Takk til alle for nok ei triveleg midtsommarfeiring ved Dyrud Damtjønn

Tekst: Ingebjørg Myromslien, Foto: Karin Pedersen




Årsmøte 2019

Innlegg. Posted on 13 Mar, 2019 11:43:22

Årsmøtet i Gvarv Turlag, tirsdag 12.mars 2019
Vi var 35 medlemmer til stades. Sakslista blei gjennomgått, og det kom mange gode innspill fra medlemmene under møtet. Det blei utdeling av Friskus-pin, kake blei spist, og flotte tur-bilder blei fremvist av Sveinung. Takk for ein trivelig kveld!
Det betyr veldig mykje at så mange medlemmer engasjerer seg i arbeidet me gjær i Gvarv Turlag.



Turer 2009

Innlegg. Posted on 12 Dec, 2008 15:54:01

Styret i turlaget er nå igang med å planlegge turer i 2009, og vi ønsker innspill fra medlemmene på forslag til turer. Det være seg kveldsturer så vel som søndagsturer og helgeturer.

Har du et forslag eller to så bare klikk på kommentarer og skriv inn ditt forslag.