Blog Image

GT Blogg

Bruk av bloggen

Det er bare å klikke på kommentarer og skrive inn dine meninger.
Vil du legge inn egne bilder eller innlegg så send en mail på info@gvarvturlag.net og du vil få tilsendt passord til bloggen.

Kraftlaghytta

Informasjon Posted on 22 May, 2019 22:21:41

Nå har to dyktige kvinnfolk gjort reint på hytta ved Dyrud Damtjønn. Det er Åse Tresland og
Ingebjørg Darrud

Mondag 20 mai satte dei i gang. Det vart tørka støv, lufta puter og ryer. Sengetøy tatt av og tatt med heim og vaska. Noko måtte kasserast og blei kjøpt inn nytt.
Det vart vaska alle plassar det vart muleg.
Onsdag kjørte dei opp igjen og la på reint/nytt på sengene.
Ein stor takk til Ingebjørg og Åse

Alle velkommen til å bruke hytta!
Hugs å forlat hytta ryddig og rein. Far varsamt fram med inventaret

Helsing styret i GT
.



Skinnarbutur 3.-5. august

Informasjon Posted on 07 Jun, 2018 17:23:17

Hei!

Nå er sommaren her for fullt og ferieplanlegginga i gang. Hugs å sett av helga 3.-5.august til helgetur til Skinnarbu Nasjonalparkhotell.

Hotellet ligg like ved Hardangervidda Nasjonalparksenter.

Kort veg ned til Skinnarbu brygge her Fjellvåken 2 går frå.

Her kan ein reise på høgfjellskrus med lunsj på Mogen turisthytte. Båtturen tek 1 1/2 time kvar veg

Fint å ta korte og lengre gåturar ut frå hotellet.

Eller fristar seterbesøk på Selstali seter, Krossobanen eller Gaustatoppen meir?

De legg plan for dagane der oppe etter kva folk har lyst til.

Døgnpris for overnatting i dobbeltrom med frokost, nistepakke og middag er ca 1200 kroner per person. Prisen avheng nok litt av kor mange som blir med.

Oddvar Fjellheim er koordinator. Mob 977 50 863

Han vil gjerne ha ein oversikt over kor mange som kanskje blir med innen 1. juli

Bindande påmelding innan 20. juli

Velkommen med på tur!

Helsing styret i GT



Dugnad Ringstul 2018

Informasjon Posted on 29 May, 2018 22:03:29

Herdis og Karin har vore på vårdugnad på Ringstul.
Her gjeld ikkje Newtons lovar!


Takk for innsatsen i år også!



Gløggservering ved Dyrud Damtjønn

Informasjon Posted on 04 Jan, 2018 09:38:18

Bilder fra Gløggservering ved Dyrud Damtjønn/Kraftlaghytta i dag. Ca. 25 pers. kom innom for ein sjenk, tross glatte veger og opptil fleire kuldegrader. En meget trivelig dag!



Dugnad på Ringstul 2017

Informasjon Posted on 27 Aug, 2017 21:22:58

Det er Karin Landsverk og Herdis Toreid som har hatt tilsynet med Ringstul og Gulnoshytta.
Inne på Ringstul er det sopa tak og vegger, vaska rundt der det er mulig, tatt med seg søppel, kasta ut deler av golvteppe. Det kom fram tett og fin golvplank. Kjøpt inn diverse småutstyr.
Koseleg å ta ein pust i bakken her når det er så reint og ryddig!

Utvendig er taket sopa etter mange års oppsamling av barnåler!!
Utedoen er vaska. Han står litt “framoverlent”. Geir og Sveinung har vurdert at det er heilt trygt og sitte der når behovet melder seg. Koseleg å sitte der med døra oppe og nyte naturen i tillegg.

Gulnoshytta er forfallen. Dei har likevel sopa og rydda der siste året. Det er få folk som legg turen innom hytta men faktisk var det nokre ungdommar som overnatta der i fjor haust.

Takk til Karin og Herdis for bra jobbing! Helsing styret i GT



Dugnad på kraftlaghytta 2017

Informasjon Posted on 21 Jul, 2017 21:47:04

Denne våren og sommaren er det gjort mykje dugnad på hytta:

Omn: Sveinung, Gustav og Kåre kjøpte inn ny Jøtul omn og monterte han på kjøkkenet.

Vasking: Aud Inger og Mary Anne vaska storreint på hytta og sengetøy.

Maling av hyttetak: Sveinung og Kåre kjøper inn og maler bølgeblekkplatene på taket.

Her ser me Sveinung jobbar med sikkerheta i høgsetet.

Så rydda Geir og Sveinung rønningar og anna rundt hytta og parkeringsplassen. Nå var alt klart for nok ei St Hansfeiring.

Sikkerhet i høgsetet på soverommet også. Kåre lagar og monterar sengehestar, stegar og benk på soverommet.

Maling til brannmurar er kjøpt inn og blir snart mala på.

Takk til alle som har lagt ned ein stor dugnadsinnsats i år også!



Merking av nye løyper på Årnes

Informasjon Posted on 11 Jul, 2017 17:13:20

Det har i vår/sommer blitt gjort omfattende arbeid med merking av nye turløyper i Årnes/Breisas området.

Kåre har laga og montert opp nye retningskilt og GT kasse. Me har vært på opptil fleire stibefaringer, rydda stier, og mala med blått på tre og stein.

Under ser du bilder av resultatet.

– En ny sti videre fra Sulukolltjønn videre oppå Bjørnlikollen, mot Griseryggen.

– En ny sti fra Årnes Kafeteria, langs Kvennebekken et stykke og videre opp til Einlifjell.

– Ny GT kasse på Einlifjell, ved det flottaste utsiktspunktet.

Tusen mange takk til Geir Valle, Ingebjørg Myromslien, Kåre Myromslien, Jørgen Haugen og Karin Pedersen for ein vel gjennomført jobb.

Stor takk rettes også til Erik Årnes som har rydda stien med traktor i starten av løypa, langs jordet. Og takk til Årnes Kafeteria som gledelig låner bort litt av parkeringsplassen sin til ivrige turgåere.



Merking av sti

Informasjon Posted on 18 Jul, 2016 22:39:50

Etter ønskje frå mange har me nå fått merka stien frå Diplane til Maskat.
Gunhild Lønheim var med som kjentkvinne. For mange år sidan visa ho meg den gamle stien opp her.
Siste året har nokon merka opp her med masse plastband og det har blitt ganske synleg tråkk.
Eit stykke nedafrå la me stien lenger ut på berga pga den fine utsikten. Lenger oppover følgde me bandmerkinga.

Her har me kome til øvre Maskattjønn

Jobben er gjort og me kvinnfolka fortener ein pust i bakken ved fossen frå nedre Diplane.



Next »