Blog Image

GT Blogg

Bruk av bloggen

Det er bare å klikke på kommentarer og skrive inn dine meninger.
Vil du legge inn egne bilder eller innlegg så send en mail på info@gvarvturlag.net og du vil få tilsendt passord til bloggen.

Dugnad 02.juli 2019

Innlegg. Posted on 03 Jul, 2019 09:23:41

Her har dagens ryddegjeng matpause. Rydda ferdig stien fra Tveiten til Grønli. Dei hadde hatt det koseleg og fått gjort masse. Det var høg ,tett buskas mot Grønli.
Tusen takk til flinke folk som passer på at stiene er framkommelige.



St.Hans feiring ved Dyrud Damtjønn 2019

Innlegg. Posted on 25 Jun, 2019 12:50:17

Det er alltid spanande kor mange kjem på feiringa. Da me kom opp, satt Nils Olav aleine og fyra under bålrista. Etter kvart kom det fleire bilar og folk benka seg rundt bålet. Vermeldinga var bra. Bortsett frå eit regnsel i starten, var det lettskya, over 20 plussgrader og vindstille. Folk prate og kosa seg med grillmat og bålkaffe. Kari K. visa fram dagens fiskefangst. Småfisken tredde ho inn på pinnar og grilla utan og renske dei. Det gjorde ho når ho åt dei. Visstnok nydeleg! Snart var den faste kåsøren Asbjørn, i gang med opplæring i diktskrivig og opplesing av eige dikt frå 25 årsjubeleet. Etterpå fann Sigmund fram fela og spela fleire slåttar for kånn. Takk til begge to!! Mygg/knott heldt seg borte til nærmare kl 21. Da valgte nokre å dra heim og resten kraup nærare bålrøyken der blodsugerane var mindre plagsomme. Me drog fram mange morosame episoder frå dagleglivet i området. Dei fleste hadde litt å fortelja og latteren sat laust. Totalt var det 28 stk innom lengre eller kortare beite. Takk til alle for nok ei triveleg midtsommarfeiring ved Dyrud Damtjønn

Tekst: Ingebjørg Myromslien, Foto: Karin Pedersen




Gangsjø og Kroktjønn

Turer Posted on 12 Jun, 2019 10:46:38

Fra sondagsturen 26. mai. Vi var 17 stk på tur, og fekk med 2 til på deler av turen.
Turen gjekk fra Laug på Holteheia, opp traktorveg til Kroktjønn. Gjekk oppom Igletjønnfjell, før me tusla bort te Grillhytta ved Kroktjønn for ein rast. Etter ei god matpause gjekk me videre bort til Rønningen. Der vi blei møtt av Gunnar Kaasa, som villig fortalde litt om plassen opp igjennom. Det blei også tid til ein omvisning i bygningane. Så gjekk me ned til Gangsjø, videre langs vatnet ned til sud-enden. Følgde Gangsjøbekken (grensa mellom Nome og Sauherad) ned att til Holteheia.
Takk for turen, og takk til Gunnar for flott innslag med historie, sang og omvisning.



Nysefjell 5. juni 2019

Turer Posted on 12 Jun, 2019 10:39:35

Fra kveldstur til Nysefjell, Onsdag 5. juni.

12 turfolk, med 3 fra Bø, ei fra Heddal og ein 6-åring, blei med fra parkering før Bråkånsrud. Været var tåkut, men turleiar pekte og forklarte om det ein kunne ha sett fra der vi var. Vi stoppa litt ved Nysebu, før det bar til toppen av Nysefjell. Der fant vi både postkasse og poeng. Niste blei inntatt, før vi gjekk vidare ned til Bekartjønn og Steinmyrane tilbake til utgangspunktet. Triveleg tur!



Narefjell 19.mai

Turer Posted on 21 May, 2019 08:03:32

Fra turen fra Narefjell, via Gullbu og Lysthusnatten. 24 turfolk og to firbeinte starta turen ved Sommerflåtin. 2 måtte dessverre snu etter ei stund. Det vart lange og bratte bakker opp te Gullbu, der vi tok ei pause. Så bar det over Lysthunatten- og ned til Sulutjønn, der kjentkvinne hadde ei lita historie på lur. Videre gjekk vi opp på Narefjell for å skrive i boka. Heile 8 bøheringar vart med på denne turen. Moro å kunne vise fram meir av bygda.
Flott dag med fine folk i perfekt turvær!



Kveldstur til Bratningsborg og Svinetjønn 15.mai

Turer Posted on 18 May, 2019 10:31:40

Kveldsturen til Bratningsborg og Svinetjønn.
Vi parkerte ved Sauherad kirke, og gjekk oppover Prestegardsvegen mot Rolighetsmoen.
31 turfolk og 2 firbeinte blei med på denne flotte turen. 5 pers kom heilt fra Bø.
Kjentmann Steinar Fugelli losa kånn trygt gjennom løypa, fortal om området rundt, historier og sagn. Det blei ein kafferast på toppen av Bratningsborg, før me gjekk ein ana veg ned, til Svinetjønn. Deretter bar det ned ein traktorveg tilbake til Rolighetsmoen og bilane ved kyrkja.



Sondagstur til Kringletjønn og Sulukoll 28.april

Turer Posted on 28 Apr, 2019 21:31:14

Dagsturen gjekk fra parkering i toppen av Juvevegen i Hetterud, opp merka traktorveg og sti til Kringletjønn. Så vidare til Sulukolltjønn der me tok matpause.
Gjekk så til Sulukollen, der me fekk skrivi i bøkane. Så gjekk me vidare nedover mot Ringane, men tok av på ein umerka sti og gamal traktorveg som førte kånn rett over til Hetterud og bilane igjen.
Me blei 20 stk med på turen, deriblant to ungar og 4 stk fra Bø.
Fin tur med fine folk, i perfekt tur-vær.
Takk for turen!



Årsmøte 2019

Innlegg. Posted on 13 Mar, 2019 11:43:22

Årsmøtet i Gvarv Turlag, tirsdag 12.mars 2019
Vi var 35 medlemmer til stades. Sakslista blei gjennomgått, og det kom mange gode innspill fra medlemmene under møtet. Det blei utdeling av Friskus-pin, kake blei spist, og flotte tur-bilder blei fremvist av Sveinung. Takk for ein trivelig kveld!
Det betyr veldig mykje at så mange medlemmer engasjerer seg i arbeidet me gjær i Gvarv Turlag.



Next »