Vel gjennomført Lårdalstig sundag 6. juni i godt samarbeid med Kragerø Turlag. Ideelt turvér, overskya, stille og god sikt. Turen er krevjande, so ikkje alle rakk båten frå Lårdal oppatt til Dalen. Men det var ikkje noko problem, kafe nede ved brygga, godt badevatn og drosje tilbake til bilane oppi Eidsborgkleivane. Totalt antall blei 14, 5 frå Bø, 3-4 frå Gvarv, 1 frå Tønsberg og resten frå Kragerø. Veldig greitt med samarbeid mellom Gvarv/ Bø Turlag og Kragerø Turlag. Ref.: Margit Helga