Håper at ei usikker vermelding var skyld i at så få blei med på tur. Kun to stk frå GT blei med kånn.
Sola skein frå nesten skyfri himmel da me kom til Myrgvarv. Kåre med to til la i veg mot Rognlifjell. Eg kjørte bilen ned på hytta for å kunne kjøre sjåførar opp til Myrgvarv igjen når turen var over. (Den jobben vart det ikkje behov for)

Etter ei bratt oppstigning vart det ei badepause ved denne nydelege tjønna Her ser me Himingen i bakgrunnen.
Veret var fint. Dei kunne nyte naturen, utsikta og akrobatikken til flya frå Flystemnet på Notodden
Her eit bilde av Trogatjønnan på veg ned frå Trogafjell.

Etter 4 1/2 time på tur, kom 3 blide og svært fornøgde turgåerar til meg på hytta i Libekk hyttegrend. Der blei det eti og drekke før heimturen.

Synd at ikkje fleire blei med kånn. Er det feil side av Lifjell eller feil kommune ???