Denne sondagen er det Halvor Gåra frå Bø Turlag som er kjentmann. Det er 11 stk som møter opp i Bø. Kun Kåre Myromslien frå G T.
Dei kjører til Slåka hyttefelt og går opp mot Homtjønn.

Vidare til toppen av Heksfjell på 1221m og så bort på Heksfjellvarden før dei går nedigjen til Homtjønn til eit friskt bad.
Turen var på ca 10 km og tok ca 6 timar + 1,5 t bilkjøring kvar veg.

Ein triveleg tur i godt selskap. Takk til Halvor Gåra!
Helsing Kåre