Utedoen på Ringstul har synke på eine sida som gjer at dodynna ikkje kunne letast att. Kåre prøva fyrst å rette opp doen men det gjekk ikkje med det utstyret han hadde med. Derfor tok han av dynna og saga ho av nede.( med ei lita greinsag).

Der kom dynna på plass og ho kan stengast både frå innsida og utsida. Nå er det valgfritt om ein vil sitte på do og nyte skogen eller konsentrere seg om “jobben” som skal gjerast.