Det er alltid spanande kor mange kjem på feiringa. Da me kom opp, satt Nils Olav aleine og fyra under bålrista. Etter kvart kom det fleire bilar og folk benka seg rundt bålet. Vermeldinga var bra. Bortsett frå eit regnsel i starten, var det lettskya, over 20 plussgrader og vindstille. Folk prate og kosa seg med grillmat og bålkaffe. Kari K. visa fram dagens fiskefangst. Småfisken tredde ho inn på pinnar og grilla utan og renske dei. Det gjorde ho når ho åt dei. Visstnok nydeleg! Snart var den faste kåsøren Asbjørn, i gang med opplæring i diktskrivig og opplesing av eige dikt frå 25 årsjubeleet. Etterpå fann Sigmund fram fela og spela fleire slåttar for kånn. Takk til begge to!! Mygg/knott heldt seg borte til nærmare kl 21. Da valgte nokre å dra heim og resten kraup nærare bålrøyken der blodsugerane var mindre plagsomme. Me drog fram mange morosame episoder frå dagleglivet i området. Dei fleste hadde litt å fortelja og latteren sat laust. Totalt var det 28 stk innom lengre eller kortare beite. Takk til alle for nok ei triveleg midtsommarfeiring ved Dyrud Damtjønn

Tekst: Ingebjørg Myromslien, Foto: Karin Pedersen