Denne gongen var det Nils Olav som var kjentmann. Han hadde ikkje vergudane på si side for regnet kom da dei møttest på Gvarv st. Det var 6 stk, alle medlemmer i Gvarv Turlag, som trossa veret og kjørte til Holtan Damtjønn. Dei gjekk om Ringstul, vidare på sti over Golanhøgda og opp til Skaustein med Månetjønnane. Her var det tid for matpause, registrering i Friskuskasse og Gulltrimmen.


Heimturen gjekk om Blekketjønn, Skåråfjelltoppen, Sudnuten og vidare Ringstul Det var småyr og tuko låg låg tett nede i bygda. Dei fekk ikkje nyte den fine utsikta frå toppane dei var innom. Det var veldig vått i myrane så sannsynleg var det bare fotografen, Kåre Myromslien, som var tørr på beina etter turen.
Nils Olav fortalte om litt av kvart og viste hårre Pedda, Nykkelholet og Kittils holme var. Det er navn som tidlegare fantasifulle turgåerar har satt på stadane.

Takk til Nils Olav som var kjentmann for hardhausane i Gvarv Turlag denne sondagen!