Denne kvelden var det supert ver med nærare 20 pluss og litt vind som heldt knott og mygg borte. Etterkvart kom det bilar med folk alt frå 5 til nærare 90 år. Til og med kom ei dame på sykkel der kun beina var drivkrafta!! Totalt vart det 35 stk

Så vart det grilling , steiking i bålpanna og eting. Praten gjekk livleg.

Kaffelars kom over bålet. Folk satte pris på bålkaffe og heimebakst (Sigrid m fl)

Så kom Sigmund med fela. Det vart både springar og gangartakt. Nokre prøva seg med nokre dansesteg og.
Etterkvart trekte mange inn i oppvarma hytte. Da sørga Asbjørn for spørjekonkuranse og premiar.
Takk til alle som kom og gjorde det til ein triveleg kveld! GOD SOMMAR!