Denne kvelden var det fellestur med Bø Turlag. Turleiar Halvor Gåra:

Det var 8 stk frå Gvarv med Nils Olav som kjentmann og 7 stk frå Bø som la i veg på denne bratte turen. Spesielt bratt var det siste stubben opp til hola. Ikkje tur for pyser!
Få gjekk inn i hola.


Vidare gjekk turen opp på Valjuvnatten. Derifrå var det fin utsikt mot Bø og Gvarv/Norsjø.
Like mange høgdemeter ned igjen.
Alle gjennomførte turen og heldigvis var det ingen som skada seg.