Denne dagen var det meldt 32 varmegrader nede i bygda. 29 grader på Nysefjell.. Me var 4 stk som våga kånn ut i varmen. Turen gjekk fra parkeringa før Bråkånsrud. Etter nokka gode høgdemeter på traktorveg, og fleire liter med svette, kjem me til ei lita hytte som heiter Nysebu. Her tek me ein rast og skriv i hytteboka. Me gjeng så vidare på sti til toppen av Nysefjell, der me et nista kånns, (litt sør for toppen, rett over Bekartjønn) med god utsikt mot Munken i Norsjø. Me gjeng så videre ned til Bekartjønn, forbi Kalveaugo, tek av stien i ei myr, og kjem ned til restene av Haukviksetra. Så gjeng me opp på Haukvikseterfjell og tek ein ny rast med flott utsikt over Nesodden, Årnes, og Gvarv/Hørte/Bø med Lifjell i bakgrunnen. Me gledar kånn til bading i Bekartjønn, og fortar kånn tilbake dit. Der var få plassar å gå uti, men me fant etter hvert nokka steinar å klatre på. Vannet var herlig, og 3 av 4 bada. Den siste duppa beina, og blei utnevnt som fotograf. Så gjekk me tilbake til bilane ved Bråkånsrud via Steinmyrane. Der me måtte ta bilder av både myrull og kjøttetende planter. Ein veldig fin tur med fine folk! 😍 Takk for turen!