Denne kvelden er det Bruskor opp frå Øvre-Bø som er målet. Dette var eit nytt turmål for dei fleste. Totalt er det 16 stk som legg i veg etter Kåre oppover bakkane . Gledeleg er det at det er med 3 ongar og 5 “ongdommar” i trettiåra.


Det er nydeleg utsikt frå toppen og det smakar med kaffepause mm.
Somme føler seg fortsatt fulle av energi og går vidare med Sveinung til Høyslass, ein jamnhøg topp litt nærmare tråvbanen. Det er vel helst suget etter Gulltrimmenpoeng som lokkar mest.

Folk innser nok at det også er fine turmål i kommunen som me snart er ein del av.
Takk til alle for ein triveleg tur!