Turen denne kvelden var ein historisk rusletur langs Hørteelva på Bøsida. Tuda og Hans hadde mykje stoff å dele med oss. Nokre andre hadde også litt å fortelja sidan dei var ongar. Ein hugsa brua over Rjukarn og ei anna hugsa ho gjekk med hest over Skvislabrua til Darrud for å sko hesten. Her har vore stor aktivitet på 17 og 18 hundretalet rundt fossane og mange budde på små husmannsplassar oppetter elva og under Askildtfjellet.
Kaffepausa vart opp mot fjellet på husmannsplassen Haslekåsa der ein kunne finne restar etter murar.
Tilbaketuren gjekk over Geiteryggen og ned til krysset (butikken)på Hørte.
Det var 21 stk med på tur denne kvelden pluss 2 bikkjer.

Takk til Tuda og Hans for ein fin og triveleg tur.