Denne kvelden er det 16 stk som er klar for tur til Hestefjell i Nome. Turen går om Lunde til kapellet i Landsmarka. Det er Åse og Karen som er kjentfolk, for dei andre er det eit nytt turmål. Stien er bra merka og grei å gå. Turen gjekk forbi Branntårnet på 16 m, dette var i bruk heilt til det vart helikopterovervåkning. Ikkje så langt vidare før kassa på Hestefjell og flott utsikt over Langen.. Eit bål vart fyra opp mellom snofonnene- og medbrakt niste smaka godt.

Branntårnet høgt der oppe. Brannmann Sam dukka og opp.

Tida går fort i godt selskap og heimvegen ventar. Det byrja så smått å mørkne når ein kom ned til bilane.
Takk til Åse og Karen for turen!