Det er Karin Landsverk og Herdis Toreid som har hatt tilsynet med Ringstul og Gulnoshytta.
Inne på Ringstul er det sopa tak og vegger, vaska rundt der det er mulig, tatt med seg søppel, kasta ut deler av golvteppe. Det kom fram tett og fin golvplank. Kjøpt inn diverse småutstyr.
Koseleg å ta ein pust i bakken her når det er så reint og ryddig!

Utvendig er taket sopa etter mange års oppsamling av barnåler!!
Utedoen er vaska. Han står litt “framoverlent”. Geir og Sveinung har vurdert at det er heilt trygt og sitte der når behovet melder seg. Koseleg å sitte der med døra oppe og nyte naturen i tillegg.

Gulnoshytta er forfallen. Dei har likevel sopa og rydda der siste året. Det er få folk som legg turen innom hytta men faktisk var det nokre ungdommar som overnatta der i fjor haust.

Takk til Karin og Herdis for bra jobbing! Helsing styret i GT