Denne sondagen er Himingen på Lifjell turmålet. Sveinung visar veg til Myrgvarv parkering der Kåre møter 11 stk , ein satsar på rømmegraut på Gavlesjåstulen og 10 stk blir med opp på Himingen. Terese er kun 7 år men sprek som ein fole.


Sola titta fram mellom lette skyer. Alle fekk nyte den fine utsikta medan nista blei ete. Dei fleste hadde ikkje vore der oppe før. Når steinane er sleipe kan nedturen vera vel så krevjande som oppturen, men alle kom seg velberga ned til bilane.
Etterpå bar det til hytta til Kåre og Ingebjørg. Der serverte Jenny og Ingebjørg te, kaffe og kake.
Takk for fin tur til deltakerar og kjentmann Kåre. Takk for de ville kome på hyttebesøk!