Dette var fyrste tur etter ferien. Det er ein lang tur både å kjøre og gå. Vermeldinga var heller ikkje den beste. Det reiste likevel 7 stk kl 9.00 frå Gvarv st. Etter bilkjøring til Rjukan, gondolbane til Gvepseborg og ca 2 3/4 time gåing frå Gvepseborg, nådde dei Helberghytta. Da var det var godt å kome i hus, slappe av og få seg mat.
Etter ei god pause bar det på heimveg, det gjekk litt raskare. Vel framme på Gvepseborg slappa dei fleste av med eit godt måltid mat før heimreisa.
Veret var nok betre enn frykta. Ikkje regn, moderat vind og god temperatur.

Takk til Nils Olav som var ein framifrå turleiar!

(Referat frå Kåre)