Blog Image

GT Blogg

Bruk av bloggen

Det er bare å klikke på kommentarer og skrive inn dine meninger.
Vil du legge inn egne bilder eller innlegg så send en mail på info@gvarvturlag.net og du vil få tilsendt passord til bloggen.

Lårdalstigen 6. juni

Uncategorised Posted on 09 Jun, 2021 10:02:48

Vel gjennomført Lårdalstig sundag 6. juni i godt samarbeid med Kragerø Turlag. Ideelt turvér, overskya, stille og god sikt. Turen er krevjande, so ikkje alle rakk båten frå Lårdal oppatt til Dalen. Men det var ikkje noko problem, kafe nede ved brygga, godt badevatn og drosje tilbake til bilane oppi Eidsborgkleivane. Totalt antall blei 14, 5 frå Bø, 3-4 frå Gvarv, 1 frå Tønsberg og resten frå Kragerø. Veldig greitt med samarbeid mellom Gvarv/ Bø Turlag og Kragerø Turlag. Ref.: Margit Helga



Skiløypa i Skåråfjell

Uncategorised Posted on 17 Jan, 2021 08:16:14

Lørdag 16.januar har dei flinke løypekjørerane vori oppe å kjørt opp skiløypa , fra Holtan Damtjønn til Ringstul, vidare til Øvre Rennetjønnan og Kirsdalstjønna og opp på Maskat. Der var mykje laus snog og ein deil tre som hang over eller hadde knekt, så det blei ein stor jobb.

Mellom Maskat og Tveiten er det foreløpig for lite snø og mykje tre over løypa.

Tusen takk til Egil, Ole Gunnar og Sigmund, som har via heile ludagen sin til dette prosjektet.



Sondagstur til Rognlifjell og Trogafjell 1. september

Turer Posted on 01 Sep, 2019 22:29:09

Håper at ei usikker vermelding var skyld i at så få blei med på tur. Kun to stk frå GT blei med kånn.
Sola skein frå nesten skyfri himmel da me kom til Myrgvarv. Kåre med to til la i veg mot Rognlifjell. Eg kjørte bilen ned på hytta for å kunne kjøre sjåførar opp til Myrgvarv igjen når turen var over. (Den jobben vart det ikkje behov for)

Etter ei bratt oppstigning vart det ei badepause ved denne nydelege tjønna Her ser me Himingen i bakgrunnen.
Veret var fint. Dei kunne nyte naturen, utsikta og akrobatikken til flya frå Flystemnet på Notodden
Her eit bilde av Trogatjønnan på veg ned frå Trogafjell.

Etter 4 1/2 time på tur, kom 3 blide og svært fornøgde turgåerar til meg på hytta i Libekk hyttegrend. Der blei det eti og drekke før heimturen.

Synd at ikkje fleire blei med kånn. Er det feil side av Lifjell eller feil kommune ???



Sondagstur til Heksfjell 25. auguast 2019

Turer Posted on 25 Aug, 2019 22:41:23

Denne sondagen er det Halvor Gåra frå Bø Turlag som er kjentmann. Det er 11 stk som møter opp i Bø. Kun Kåre Myromslien frå G T.
Dei kjører til Slåka hyttefelt og går opp mot Homtjønn.

Vidare til toppen av Heksfjell på 1221m og så bort på Heksfjellvarden før dei går nedigjen til Homtjønn til eit friskt bad.
Turen var på ca 10 km og tok ca 6 timar + 1,5 t bilkjøring kvar veg.

Ein triveleg tur i godt selskap. Takk til Halvor Gåra!
Helsing Kåre



Ringstul- reperasjon av dodynna

Innlegg. Posted on 18 Jul, 2019 18:48:47

Utedoen på Ringstul har synke på eine sida som gjer at dodynna ikkje kunne letast att. Kåre prøva fyrst å rette opp doen men det gjekk ikkje med det utstyret han hadde med. Derfor tok han av dynna og saga ho av nede.( med ei lita greinsag).

Der kom dynna på plass og ho kan stengast både frå innsida og utsida. Nå er det valgfritt om ein vil sitte på do og nyte skogen eller konsentrere seg om “jobben” som skal gjerast.



Dugnad Ringstul

Innlegg. Posted on 13 Jul, 2019 20:18:48

Herdis Toreid og Karin Landsverk har gjort dugnad på Ringstul i vår. I år var det ikkje så mykje å gjera, folk har rydda etter seg.

Dei påpekar at utedoen må rettast opp slik at dodøra kan letast att. Det er ikkje alle som synes det er koseleg å sitte og sjå ut i skogen.
Dessutan kan døra bli skada i kraftige vindkast.

Styret får ta ei vurdering.

Takk for nok ein gong for godt utførd jobb.

Ingebjørg



Dugnad 02.juli 2019

Innlegg. Posted on 03 Jul, 2019 09:23:41

Her har dagens ryddegjeng matpause. Rydda ferdig stien fra Tveiten til Grønli. Dei hadde hatt det koseleg og fått gjort masse. Det var høg ,tett buskas mot Grønli.
Tusen takk til flinke folk som passer på at stiene er framkommelige.



St.Hans feiring ved Dyrud Damtjønn 2019

Innlegg. Posted on 25 Jun, 2019 12:50:17

Det er alltid spanande kor mange kjem på feiringa. Da me kom opp, satt Nils Olav aleine og fyra under bålrista. Etter kvart kom det fleire bilar og folk benka seg rundt bålet. Vermeldinga var bra. Bortsett frå eit regnsel i starten, var det lettskya, over 20 plussgrader og vindstille. Folk prate og kosa seg med grillmat og bålkaffe. Kari K. visa fram dagens fiskefangst. Småfisken tredde ho inn på pinnar og grilla utan og renske dei. Det gjorde ho når ho åt dei. Visstnok nydeleg! Snart var den faste kåsøren Asbjørn, i gang med opplæring i diktskrivig og opplesing av eige dikt frå 25 årsjubeleet. Etterpå fann Sigmund fram fela og spela fleire slåttar for kånn. Takk til begge to!! Mygg/knott heldt seg borte til nærmare kl 21. Da valgte nokre å dra heim og resten kraup nærare bålrøyken der blodsugerane var mindre plagsomme. Me drog fram mange morosame episoder frå dagleglivet i området. Dei fleste hadde litt å fortelja og latteren sat laust. Totalt var det 28 stk innom lengre eller kortare beite. Takk til alle for nok ei triveleg midtsommarfeiring ved Dyrud Damtjønn

Tekst: Ingebjørg Myromslien, Foto: Karin Pedersen




Next »